Hardanger I-III : ei regionhistorie
Hardanger har vorte sjølve symbolet på det norske, men er likevel noko for seg sjølve. Hardanger, ei regionhistorie, vert gitt ut i tre rikt illustrerte band hausten 2014. Verket fortel historia om folket langs fjorden, frå dei første jegerane busette seg under ein heller i Herand, til dagen bilane byrja kryssa brua over fjorden mellom Bu og Vallavik. Band 1 fortel om utviklinga frå steinalderen og fram mot jordbrukssamfunnet kring 1750. Band 2 fortel om moderniseringa av bondesamfunnet fram mot 1900. Band 3 fortel om tida etter at storindustrien og fruktdyrkinga for alvor gjorde sitt inntog i regionen etter 1900.
Tilaustuote | Arvioimme, että tuote lähetetään meiltä noin 2-3 viikossa